I forkant av den store folke— og bustadteljinga 3. november, har alle nordmenn som bur i leiligheit, eller i hus med fleire bustader, fått ny adresse denne veka. Hordaland har fått 96.000 nye adresser, mens talet i det meir grisgrendte Sogn og Fjordane berre er vel 15.000.

Torsdag fekk dei første husstandane tilsendt splitter nye adressemerke i posten. I løpet av dei siste to dagane har kring hundre bergensarar vore på tråden til Bergen kommune med spørsmål om dei nye adressene.

— Det har vore langt færre telefonar, og slett ikkje den telefonstormen vi hadde frykta. Folk er stort sett blide, seier ein letta prosjektleiar i Bergen kommune, Stein Johansen.

Sentrum størst utfordring

Også BT har fått telefonar frå folk, som klagar på at dei nye adressene refererer til feil etasje, eller feil leilegheit. Men stort sett kan kommunen retta opp det meste med eit par tastetrykk.

Korrigerte adressemerke blir likevel ikkje sendt ut før i november:

— I mellomtida ber vi om at folk fører opp rett adressenummer på det merket dei alt har fått, seier Johansen til BT.

Det har ikkje berre vore enkelt for dei ni personane, som har jobba på spreng dei siste ti månadane for å finna ut kor mange husstandar det faktisk finst i Bergen kommune.

Ein del huseigarar har det vore vanskeleg å få tak i. Alle er heller ikkje like interesserte i å oppgje kor mange husstandar det faktisk er i husa, sjølv om opplysningane ikkje går vidare til skatteetaten.

Fem husstandar, sju ringeklokker

Særleg i sentrum blir ein del hus brukt på andre måtar enn dei opprinneleg var godkjende for. - Eit hus som i si tid vart registrert for fem husstandar, kan for eksempel ha sju ringeklokker i dag. Så når ingen er heime, og ytterdøra er låst, er sjansane for å bomma absolutt til stades, fortel Johansen, som stadig har vore ute på synfaring siste året.

Sambuarskap har også bydd på utfordringa for Johansen og hans folk. Så lenge eit ugift par ikkje har felles barn, men same adresse, kan det oppstå forvirring om det er ein eller to leilegheiter i huset.