Kontorpulten til Lasse Brekke (73) er velutstyrt. Her står pc, scanner, skrivar og digitalt kamera, alt han treng for å lage digitalt nyheitsbrev for heimbygda Ortnevik i Høyanger kommune.

— Når månaden er slutt, fortel eg kva som har skjedd her. Eg byrja i september i fjor, og har utvida etter kvart. No skriv eg tre-fire A4-ark, fortel Brekke.

Les siste nytt frå Ortnevik på http://ortnevik.net

Denne dagen er han i ferd med å førebu juliutgåva. Med ei stødig hand på mus og tastatur manøvrerer Lasse seg inn på nettsida. Frå juni kan ein mellom anna lese om slåtten, den første folefødselen i bygda på 50 år, dugnadsarbeid, samt den faste nedbørsmeldinga. Alt er illustrert med fotografi, tatt av Lasse sjølv.

— Nyheitsbrevet har blitt godt tatt imot. Kristi på butikken måtte skrive det ut på papir slik at dei eldre utan datamaskin i bygda også kunne lese. Dei følte at dei gjekk glipp av noko, fortel kona Gerd (68).

Likar ikkje «surfing»

Då Lasse blei pensjonist, fekk han og kona den første datamaskina i hus.

— Det var uinteressant utan noko konkret å bruke den til, eg er ikkje så glad i berre slik «surfing». Men då grendelaget spurte om eg ville skrive nyheitsbrev, tenkte eg at det kunne vere ein fin hobby, seier den spreke pensjonisten.

Barn og barnebarn har hjelpt han i gang, men det meste har Lasse funne ut av på eiga hand.

— Eg gir meg ikkje før eg får det til som eg vil, ein må prøve og feile litt. Eg veit ikkje kor godt eg klarar å hengje med, seier Lasse smålåtent.

Han både skriv, les e-post, brukar nettbank og legg inn digitale bilete på datamaskina. Gerd er meir glad i syarbeid enn pc-en, men trår til som fast korrekturlesar.

— Eg hadde nok knust datamaskina for lenge sidan, men han gir seg ikkje, ler Gerd.

Data- og historieinteressert

— Det er mange eldre som ikkje vil prøve datamaskin, fordi dei ikkje heilt veit kva det er. Det er eit godt arbeidsreiskap, og nyheitsbrevet hadde ikkje blitt til utan, seier Lasse.

Nyhenda blir publisert på heimesida til Ortnevik Grendelag, som naboen Eldar Brekke administrerer. I tillegg blir det sendt på e-post til utflyttarar og hyttefolk.

— Kvar søndag sender vi også ut vekemelding på e-post til alle fem ungane og åtte barnebarna våre. Der kan dei lese om oss, garden og bygda. Det skal vi halde fram med så lenge vi er gode nok, seier Lasse, og klappar Gerd på skuldra.

Begge er svært historieinteressert, og håper at nyheitsbrevet kan få ein historisk verdi. På kort tid har dei skrive 50 sider gardshistorie frå Brekke.

— Tenk om vi hadde hatt noko liknande frå våre forfedre, seier Gerd.

Kjenner du til andre lokale nyheitsbrev-entusiastar? Skriv eit innlegg her.

FOTOGRAF OG JOURNALIST: - Eg blir rastlaus av å sitje for lenge framfor fjernsynet om kveldane, og liker betre å skape noko sjølv, seier Lasse Brekke (73). Han lagar nettavis for Ortnevik.
Silje Katrine Robinson