Grusomme ryggsmerter med berre Paracet til lindring. I fem dagar gjekk 71 år gamle Inga Kolås frå Lønborg rundt med det som viste seg å vere brot i ryggen. Etter tre legebesøk fekk ho endeleg tilbod om røntgen.

— Uverdig og umenneskeleg, seier dottera Haldis Sivertsen til BT.

— Mor kunne vore utan desse forferdelege dagane, dersom legane hadde tatt røntgen tidlegare. Ho fekk ikkje eingong skikkeleg smertelindring. Du skulle sett korleis ho såg ut.

I dag, halvanna veke seinare, er hevelsane og blåmerka i ansiktet nesten vekke. Inga har fått plass på Sjømennenes Helseheims Rehabiliteringssenter i Åsane, og får god pleie. Ved hjelp av gåstol klarar ho å bevege seg igjen.

Den verste tida er over. BT har sett eit brev frå fastlegen, der han beklagar det som skjedde. Men familien er framleis rysta over behandlinga mora fekk.

- Ta Paracet

Marerittet byrja då 71-åringen snubla på Korskirkeallmenningen i Bergen.

— Eg fall og slo hovudet i muren med ansiktet ned og det heile. Brillene knuste, fortel Inga Kolås til BT.

Forslått og forvirra blir ho teken hand om av eit forbipasserande ektepar, som køyrer henne til Legevakten i Bergen. Ho har slått seg stygt, og til legen klagar ho over smerter i heile kroppen etter fallet, også i ryggen.

Ryggen blir ikkje undersøkt, og er heller ikkje nemnd i journalen. Legen ber henne ta Paracet mot smertene, halde seg i ro og kontakte fastlege dersom tilstanden blir verre.

Tysdag morgon vaknar Inga med store smerter i ryggen, og får time hos fastlegen. Også han anbefaler Paracet mot smertene, og sender henne heim igjen.

- Berre bræleskap

Då onsdagen kom, måtte ho støtte seg til langkosten for å klare å gå. Torsdag kom dottera Haldis frå Radøy.

— Eg skulle gi henne ein klem, men kom berre så vidt borti henne, før ho hylte av smerte. Forferdeleg.

— Eg hadde så grusomt vondt, forklarar mora, som fekk ny time hos fastlegen neste dag.

Dottera vart med, men det var eit ublidt møte med helsevesenet. Dei hevdar at legen var stressa, knapt lét dei kome til orde, og at han mislikte at Haldis ville vere med på konsultasjonen. Dessutan hevdar dei at Inga fekk røff behandling, då legen undersøkte ryggen hennar.

— Då grylte eg, seier Inga.

— Eg vart så skuffa, fordi eg alltid har vore så fornøgd med han. No fekk legen meg til å føle at dette berre var bræleskap frå mi side.

- Bør ikkje skje

Legen meinte at alt Inga trengde var pleie og omsorg frå døtrene. Til slutt gjekk han likevel med på å sende henne på sjukehus, for at ho skulle få kvile ut.

— Då ambulansen kom, sa personellet straks at dei trudde mor hadde brote ryggen, fortel Haldis.

På Haraldsplass diakonale sykehus kom Inga raskt til på røntgen, og det vart påvist brot nedst i ryggen. Etter fem dagar vart ho overflytta til helseheimen.

— Eg er sjokkert over det som skjedde med mor. Ho burde fått røntgen allereie på Legevakten, meiner Haldis.

Legevaktsjefen i Bergen, Frank van Betten, kan ikkje uttale seg om den konkrete saka.

— Sånt bør ikkje skje, og vi beklagar dette. Men det er ikkje slik at vi automatisk tar røntgen av alle pasientar med ryggskader. Det er ikkje uvanleg at vi ser skadane litt an, seier han til BT.

— I slike tilfelle ber vi pasienten om å kontakte lege på nytt, og det bør garantera for at ting som er blitt oversett likevel blir diagnostisert i ettertid.

Det var ikkje god nok garanti i dette tilfellet. Men no ser familien framover.

— Mor må berre sjå til å bli frisk, for vi skal på busstur til Costa Brava til hausten, fortel Haldis.

STORE SMERTER: Etter eit stygt fall, knekte Inga Kolås (71) ryggen. Men dét tok det fem dagar før legane oppdaga. - Umenneskeleg, meiner dottera Haldis Sivertsen.<br/>Foto: MARITA AAREKOL