Terje Ulvedal

Åfjorddalen Smoltoppdrett AS, som driv anlegget for oppdrett av regnbogeaure er på randen av konkurs. Selskapet har verken pengar til å fôre fisken eller setje i verk oppsamling og destruksjon. Truleg står det mellom 70.000 og 80.000 fiskar i merdene.

I følgje avisa Ytre Sogn var det sist tysdag eit møte mellom oppdrettaren, Fiskeridirektoratet, Mattilsynet og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for å hindre ein dyretragedie, og ein situasjon som kan føre til alvorleg forurensing i vatnet. Men eineeigaren av oppdrettsanlegget, Steinar Gjersdal, kritiserer styremaktene for å ha halde seg passive på møtet.

— Vi har verken sjanse til å drive vidare eller halde liv i fisken til isen går av vatnet. Først då kan merdene flyttast til land slik at fisken kan destruerast på forsvarleg vis, seier Gjersdal som ikkje ser nokon veg utanom å levere selskapet til skifteretten.

Straffetollen som EU la på norsk regnbogeaure i fjor, gjorde at selskapet ikkje fekk selt fisken som planlagt i fjor haust. Ein kontroll tidlegare i vinter avslørte dessutan at oppdrettsfisken er infisert av måkemarklarve, eit forstadium til bendelorm.

Problemet er så stort at larven har gått i kjøtet på fisken, og gjer han ueigna som menneskemat.