Bøndene må no vera registrerte i meirverdiavgiftsmanntalet for å få produksjonstilskot. For å bli registrert må bøndene ha ein omsetnad på minst 30.000 kroner.

Dette vart klart som ein del av jordbruksforhandlingane.

Det nye kravet er ein del av den nye forskrifta for produksjonstilskot med verknad frå 1. juli i år. Dette fører til at mange småbruk i Hordaland står i fare for å bli nedlagde.

— Endringa kom brått på oss her på huset. Det var overraskande, og vil truleg føra til at ein heil del vil falla frå. Produksjonstillegget er veldig viktig for mange, fortel fylkesagronom Olav Romarheim ved Fylkesmannen si landbruksavdeling.

Sauebønder tapar mest

Dersom ein bonde har for låg omsetnad, vil han tapa store penger. Romarvik trur dette vil gå mest ut over sauebønder. Han trur at mange kan stå i fare for ikkje å få ein omsetnad som er høg nok for meirverdiavgiftsregistrering.

Eit reint sauebruk treng mellom 35 og 40 vinterfôra sauer for å få ein stor nok omsetnad.

I snitt har sauebøndene i Hordaland om lag 37 sauer, ein del bruk har ein driftskombinasjon av sauer og andre dyr.

Registrering skal helst skje så snøgt som mulig, men bøndene har høve heilt fram til 15. november med å bli registrerte i meirverdiavgiftsmanntalet. Denne fristen er altså trekt lenger ut i tid enn søknadsfristen for produksjonstilskot, som er 20. august.

Kulturlandskap i fare

Hos Fylkesmannens landbruksavdeling fryktar dei for konsekvensane for småbrukarane i Hordaland. Dei har difor lagt saka fram for Statens landbruksforvaltning, og ber dei om å bruka dispensasjon.

— Vi har ikkje fått noko svar enno. Dersom det ikkje blir råd å få til dispensasjon, vil nok mange bønder falla frå, trur Romarheim.

Han meiner dette vil slå tilbake på kulturlandskapet i fylket. Sauene er kanskje det viktigaste beitedyret i vårt område, og er viktige for å halda vegetasjonen nede. Utan sauene vil landskapet fort gro til.

Verst i Hordaland

Leiar Gunnar Trædal i Hordaland bonde- og småbrukarlag meiner 600-700 bruk i Hordaland vil mista overføringar som følgje av det nye registreringskravet.

— Vi har arbeidd innbitt for å hindra denne endringa. Det blir ein stor del som fell utanfor, særleg i Hordaland. Det er ikkje den minste tvil om at dette er eit forsøk på å få til større einingar i jordbruket. Meininga er å luka ut nokre av dei minste produsentane, seier Trædal. Han fortel at dei har prøvd å informera medlemmene gjennom medlemsskrivet. Likevel trur han at det er ein del som enno ikkje er klare over at krava for produksjonstilskot er endra.

Trædal håpar at styresmaktene ser konsekvensane og stoppar det.

— Tilskota er store deler av inntekta for sauebøndene. Når dei mistar omlag halvparten av inntekta, er det vanskeleg å driva vidare. Eg vil likevel håpa dei klarer å fortsetja, fortel han. Må akseptera slike grenser Fylkesleiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag meiner at bøndene berre lyt akseptera at det vert sett slike grenser.

— Dette kom som eit krav frå staten i jordbruksforhandlinga. Det medfører at ein del kjem uheldig ut, men det er andre ting som vi føler er verre i jordbruksoppgjeret. Av dei som har ein omsetnad under 30.000, har dei aller fleste ei inntekt utanom, meiner Bjørke.

— Folk bør få betre tid til å tilpassa seg. Vi prøvde å gjera noko med dette under forhandlingane, men fekk ikkje styresmaktene med på det, forklarer Nils T. Bjørke.