• Mange pårørande og sjuke trur at håpet er ute, når nokon først hamnar på intensiven. Det er feil, seier overlege og stipendiat Reidar Kvåle.

Han har nyleg forsvart ei doktoravhandling om korleis det går med intensivpasientar etter at dei er utskrivne frå Haukeland universitetssykehus.

— Til no har nok oppfølginga frå intensivpersonalet si side vore avgrensa til å følgje med i dødsannonsene. Dersom dei ikkje les om pasientane der, går dei ut frå at dei er i live, fortel Kvåle.

Få eller ingen mein

— Dette er dei dyraste plassane på sjukehuset, og det blir gjort ein massiv innsats for å redde desse pasientane. Eg ville undersøkje korleis det går med dei etter sjukehusopphaldet.

Kvåle har intervjua overlevande om livskvalitet og funksjonsnivå. Sytti prosent av pasientane overlever sjukehusopphaldet, men mange får redusert livskvalitet og nedsett funksjonsevne samanlikna med folk flest.

— Likevel greier over åtti prosent av dei vi har følgt opp seg utan hjelp, og dei fleste har få eller ingen mein.

Minnesvikt

Hjerneslaget til Ivar Viik kom som eit lynnedslag, utan forvarsel. Men intensivpasientar har som regel fleire grunnsjukdomar enn folk flest, og dermed litt mindre å gå på.

— Det er dei sterkaste som overlever. Eitt til to år etter sjukehusopphaldet har dei faktisk gjennomsnittleg like gode leveutsikter som andre, seier Reidar Kvåle.

Mange tidlegare intensivpasientar slit med vekttap, minnesvikt, ernæringsproblem og vonde minne.

Store pengar

— Det viser seg at pasientane hugsar mindre frå sjukehusopphaldet enn me har trudd. Mykje tyder på at helsepersonellet gir mykje viktig informasjon på tidspunkt der pasientane ikkje er i stand til å hugse. Samtidig har urovekkjande mange hatt ubehagelege hallusinasjonar og mareritt.

Kvart år brukar norske sjukehus nær ein milliard kroner på intensivbehandling.

— Det er mange pasientar og mykje pengar. Men avhandlinga viser at intensivbehandling er nyttig. Dei fleste overlever, og har eit godt liv etterpå, sjølv om ikkje alle har det like bra som før.