PER MARIFJÆREN

På same tid har politiet gjort ein formell blunder som kan resultere i at den drapssikta 41-åringen må settast fri frå varetekt.

Dette kom fram i Sunnfjord tingrett fredag, der den 41-årige sunnfjordingen vart framstilt for forlenga varetektsfengsling.

For sein innkalling

Forsvarar Ivar Blikra viste til at han mottok den skriftlege innkallinga ein knapp halvtime før rettsmøtet starta, og kravde at retten utfrå dette avviser fengslingskravet.

Subsidiært viste Blikra til at politiets bevis ikkje er sterke nok til å halde klienten sikta heilt fram til straffesaka etter planen startar 31. januar neste år.

— Forlenga varetekt blir det same som at min klient må sone utan dom, meiner forsvararen.

Politiet visste ikkje

I fengslingsmøtet var Blikra sterkt fortørna over det han meiner er påtalemakta sitt råkjør på det eine sporet som knyter klienten hans til offeret. I løpet av hausten har forsvararen fått vite at ei rekke andre funn av hår og blod vart gjort på og rundt den døde kvinna, men at desse enno ikkje er analysert med tanke på DNA.

Forsvararen har to gonger skriftleg kravd å få alle desse funna DNA-typa.

I retten forklarte politiadvokat Sissel Kleiven at politiet ikkje eingong sjølv visste før torsdag, dagen før rettsmøtet, at det var så mang som 70 hårfunn. Ho fortaqlte at ein del av funna no er under analyse, men at resultata ikkje er klar før i midten av desember.

Parallell til Tengs-saka

Forsvararen var framleis ikkje nøgd, og viste til kravet om å få samtlege funn analysert. I tillegg ville Blikra vite konkret kva funn politiet no har valt ut til anaysen som er undervegs.

Blikra gav klart uttrykk for si oppfatning av eit politi som har kjørt seg fast i eitt enkelt spor, og som er lite interessert i å følgje opp andre mogelege alternativ. Forsvararen viste til det han meiner er påfallande likskapar med måten politiet etterforska Birgitte Tengs-saka på. Som kjent enda saka opp med at den tiltalte fetteren vart frifunnen.

Sunnfjort tingrett vil fredag ettermiddag kunngjere utfallet av fengsligsmøtet.