70-åringen var sist sett då han forlet heimen sin på Bygstad i Sogn og Fjordane klokka seks laurdag morgon. I halv sju-tida laurdag kveld vart han meld sakna. Raudekrossen søkjer etter mannen og politiet er på veg til staden for å hjelpe til med leitinga.