Opplysningane slo ned som ei bombe då Fjordane tingrett i dag tidleg tok til på andre dags handsaming av den svært spesielle rettssaka. Det var avdelingsleiar Agnete Dissing Sættem ved Kvinneklinikken på Førde sentralsjukehus som la fram rapporten i sitt vitneprov. I under-søkinga av kvinna etter den påståtte valdtekta, blei det funne spor av medikamentet diazepran. Dette er ein medisin som er vanleg å bruke til bedøving.

Den 70 år gamle kvinna sa i retten i går at ho trudde den tiltalte hadde lurt i ho bedøvande pillar, under dekke av det var sukettar til teen.

– Eg berre slokna. Det var som å slå ut eit lys, forklarte kvinna.

Retten har no teke pause, mellom anna for å vurdere kvifor desse opplysningane ikkje har blitt kjende før. I følgje Dissing Sættem er rapporten send til politiet i Florø som har etterforska saka. Før retten tok pause karakteriserte aktor Jogeir Nogva opplysningane i retten som ei bombe.