Dette reknestykket er basert på dagens utgifter på totalt 57 mill. kroner til kommuneadministrasjon i Lindås, Meland, Austrheim, Radøy, Fedje og Masfjorden.Desse kommunane er i tillegg til Gulen med i Regionrådet for Nordhordland.Dersom dei seks kommunane vert slått saman, får den nye storkommunen vel 27.400 innbyggjarar. Askøy, som er nest største kommune i Hordaland, har om lag 19.700 innbyggjarar. Kommunen har 1808 kroner i administrasjonsutgifter pr. innbyggjar.Dersom ein legg dette driftsnivået til grunn for ein ny storkommune i Nordhordland, vil administrasjonsutgiftene etter alt å døma bli minst 7 mill. kroner lågare enn dei er i dag. For nokre få år sidan vart det gjort eit overslag over kor mykje ein ville spara inn på å slå saman Førde, Gaular, Jølster og Naustdal til ein kommune.Forskar Karl Gunnar Sanda ved Telemarksforskning-Bø leia dette arbeidet, og fortel til BT at innsparingspotensialet vart utrekna til 6-8 mill. kroner i lågare administrasjonsutgifter.