HENNING A. HELLEBUST henning.hellebust@bt.no

Ken Jensen (26) opnar brevet frå skattefuten ein dag før påske. Han håpar at det kanskje kjem nokre kroner tilbake utpå sommaren.

Det første han legg merke til, er punkt 4.3, bustad. Utan å vite om det, ser det ut som han har fått skjenkt ein eigedom i Tromsø til ein verdi av 24,9 millionar kroner. Han tel tala bakanfrå, og smiler litt usikkert.

— Det tykte eg var ganske morosamt. Men så las eg på den neste sida, seier Jensen.

På den nederste linja, der det står om du får att på skatten eller må betale tilbake, står det: "Foreløpig beregnet restskatt (uten renter) 646.984.236 kroner".

— Det slo meg at det nok måtte meir til enn to rater for å betale det beløpet, seier Jensen. I fjor var han avisbod for Aftenposten i Oslo, noko som neppe kan skattleggjast med ein halv milliard. I tillegg har han sitt eige forlag, "Suspekt forlag", med boka "En syk mann og hans tanker" som einaste publikasjon. Boka skreiv han sjølv, under pseudonymet Richard Norton.

— Den selde 600-700 kopiar av eit opplag på 2000. Så foreløpig går forlaget i minus, seier Jensen, som no bur i Bergen.

Han kan altså berre konkludere med at tala må vere ein datafeil.

— Dette syner at det fort kan bli ein tusenlapp eller ti feil. Eller ein halv milliard. Det gir grunn til å sjekke sjølvmeldinga nøye, seier Jensen.

Det er avdelingsdirektør Jan Erik Mood ved Oslo likningskontor einig i.

— Det kan skje feil, og det er truleg det som har skjedd her også, seier Mood, som personleg vil ordne opp med Jensen i dag.