Dette er 2600 fleire enn mai i fjor og utgjer 2,3 prosent av arbeidsstyrken.

– Arbeidsmarknaden følgjer dei normale sesongsvingingane til tross for nedgangskonjunkturen vi er inne i, seier Kenneth Stien, avdelingsdirektør i NAV Hordaland.

Sogn & Fjordane:

Talet på ledige dobla

– Det faktiske talet på ledige går vanlegvis ned frå april til mai, noko det også gjer i år. 6312 var registrert som arbeidsledig ved utgangen av april. Justert for normale sesongsvingingar vaks likevel talet på arbeidsledige med 50 frå april.

Færre permitterte

Det var 167 færre hordalendingar som var heilt permittert i mai samanlikna med april, medan talet på delvis permitterte auka med 110.

– At verksemdene tar inn igjen permitterte arbeidstakarar heilt eller delvis, indikerer tydelig at permitteringsreglementet vert brukt som eit verkemiddel for å hindre varig høg arbeidsløyse, seier Stien.

68.000 i Noreg

68 300 personar er nå registrert som helt ledige hos Nav. Det er 85 prosent fleire enn på same tid i fjor. 2,6 prosent av arbeidsstyrken er nå arbeidsledig.

Justert for sesongsvingingar har arbeidsløysa økt med 1 400 personar den siste månaden.

De siste månadene har den sesongkorrigerte arbeidsløysa steget med over 4 000 personar kvar månad, mens det frå april til mai vart 1.400 fleire ledige.

– En viktig grunn til at veksten minka er at en del av de som var helt permittert nå er delvis permittert. I tillegg er det fleire som deltek i arbeidsmarknadstiltak. Tala for mai gir ikkje grunnlag for å si at vi nå står overfor eit skifte på arbeidsmarknaden, seier arbeids— og velferdsdirektør Tor Saglie.