Dei dramatiske følgjene for Årdal-samfunnet kom fram då Hydro-leiinga på allmøte i går informerte dei tilsette om konsekvensane med eller utan modernisering av aluminiumverket. Av dei 600 er meir enn 200 direkte tilsette i Søderberg-produksjonen, som må stengast ned innan 2007. Resten er arbeidsplassar innanfor vedlikehald og leverandørindustri knytta opp mot denne. I dag er det i overkant av 1100 tilsette i aluminiumindustrien i sognekommunen.

Ein rapport som blei utarbeidd etter lokalt initiativ i Årdal tidlegare i år, konkluderte med at heile 800 arbeidsplassar vil gå tapt. Men i denne ligg også tap av kommunale arbeidsplassar som ein konsekvens av at verket blir redusert. Dei to tala stemmer difor godt overeins.

Også ei modernisering vil gje færre tilsette enn i dag. Men då blir det snakk om heilt andre tal, truleg blir 70-80 overflødige.

Driv så lenge det er råd

Dei to Søderberg-hallane i Årdal og Høyanger må stengast fordi dei ureinar for mykje. Siste frist for å sløkkje omnane er 1. januar 2007. Hydro-leiinga har klart signalisert at det per dags dato ikkje er aktuelt å modernisere aluminiumverka, verken i Årdal eller Høyanger. Grunnen er at dei meiner rammevilkåra er for dårlege i Norge til å investere i aluminiumindustrien.

På gårsdagens allmøte, der toppleiinga i aluminiumdivisjonen tok del, kom det ingen nye signal. Bortsett frå eitt:

— Slik det ser ut no satsar vi på å drive Søderberg-hallane så lenge som råd, seier informasjonssjef Thomas Knutzen.

Hydro-toppane ville derimot ikkje seie noko om sjansane for modernisering har auka, anna enn at det per dags dato ikkje er aktuelt å starte moderniseringsprosjekt.

— Hydro var veldig klare på at vilkåra ikkje er gode nok til å investere i Norge. Det Hydro no må seie klart frå om til styremaktene, er kva som må til for å få ei oppgradering av anlegget, seier leiar i Årdalstangen kjemiske arbeidarlag, Odd Arne Fodnes.

No kampen startar

Andre tillitsvalde Bergens Tidende var i kontakt med i går, tolkar konsekvensanalysen mest som ei brekkstang for å få gjennomslag for større tilgang på kraft og meir langsiktige kraftavtaler. Det er særleg på desse områda rammevilkåra blir vurdert til å vere for dårlege

— Vi er i ein dialog med styremaktene om rammevilkåra, opplyser Thomas Knutzen.

Overfor Bergens Tidende legg ikkje fagforeiningsleiar Fodnes skjul på at stemninga i Årdal-samfunnet ikkje nett fekk noko løft etter gårsdagens allmøte.

— Hydro understrekar heile tida at Norge er eit dyrt land. Vi spør oss sjølve om det er lågkostland dei no siktar seg inn mot. På den andre sida har vi framleis tid. Det er no kampen startar, seier Fodnes.

Eitt år

Analysen som blei presentert i går, er resultatet av eit arbeid som tok til etter at ordførarane i Høyanger og Årdal blei informerte om at Hydro la moderniseringslanane på is i to år.

Tre alternativ er vurderte. Rask nedstengig, gradvis utkopling fram mot 2007 og modernisering. Eit vedtak om modernisering må truleg skje innan eitt år. Dette fordi det vil ta minst to år før nye hallar med moderne teknologi kan står klare til bruk.

I dag står Høyanger for tur. Av dei rundt 300 Hydro-tilsette i Høyanger, arbeider i overkant av 100 i Søderberg-hallen. Fredag reiser Hydro-toppane til Karmøy, det tredje vestlandsverket. Også her har dei Søderbergteknologi, men eit meir moderne reinseanlegg gjer at Karmøy-hallane kan drivast ut 2009.