Datakonsulenten nekta straffeskuld i Sunnhordland tingrett, men vedgjekk at visst nokon hadde lasta ned dei grove bilda til datamaskinen hans, så måtte det vera han.

Aktiviteten skal ha skjedd i perioden frå hausten 1998 til hausten 2001. Og det var på bakgrunn av mistanke om heleri av datautstyr at politiet undersøkte 37-åringen sine harddiskar.

Mannen dreiv med reparasjon og oppgradering av maskinvare. På sin eigen maskin installerte han eit program som søkte gjennom førehandsbestemte nyhendegrupper på internett. Han laga også eit system som automatisk katalogiserte bileta.

Påtalemakta la fram rundt 300 bilete for tingretten. Om lag ein firedel av desse viste grove seksuelle overgrep mot born. Halvparten var bilete med pornografisk framstilling av born, resten var poseringsbilete med born som seksualobjekt. Politiet fann også ein film med grove seksualovergrep mot mindreårige.

37-åringen har vedgått at han deltok på pratekanalar på internett, i såkalla chatroom, der utbyttet har vore overføring av pornobilde. Den barnlause, ugifte mannen gav då inntrykk av at han sjølv hadde ei dotter.

Påtalemakta la ned påstand om 90 dagars fengsel.