Selskapet ProFish AS i Sekkingstad-gruppa skal flytta heile fiskeforedlingsverksemda til Skarholmen der selskapet allereie har kjøpt opp driftsselskapet Olsen Skarholmen AS.

Dagleg leiar Roy Kenneth Olsen seier til Kystradioen at flyttinga vil spara bedriften for kostnader med transport. Han stadfestar at det er delte meiningar blant dei tilsette om å flytta verksemda til Askøy.

Sund-ordførar Albrigt Sangolt seier seg lei for det som har skjedd, men meiner at kommunen har gjort det han kunne for å leggja forholda til rette for ProFish AS.