Eit rør med ammoniakk har sprunge lekk ved skeisebana like utanfor Leirvik. Ungdomsskulen må evakuerast. Det var den dramatiske meldinga som brannvesenet på Stord fekk i formiddag, men det var heldigvis berre ei øving.

— Me har evakuering av skulen i beredskapsplanen vår. Me er veldig obs på ammoniakkanlegget ved skeisebana. Det har vore uhell før, og ammoniakk har kome inn i delar av ungdomsskulen som ligg tett opp mot skeisebana, seier rektor og brannvernleiar John Karsten Raunholm.

Han var på plass saman med brannvesenet ved skeisebana og såg til at øvinga gjekk etter planen. Elevane var då sendt ut av skulebygningane og opp på Stord stadion.

ØVING ETTER PLANEN: - Alt gjekk etter planen, me fann ammoniakklekkasjen, seier Ole Yttredal og Ronny Augustson, røykdykkarar i Stord brannvesen. Her tek dei av seg dei tette kjemikaliedressane ved skeisebana på Vikahaugane. <br/> MMS-FOTO: LENA VERMDAL