Det er råd å betala kontant og med elektronisk brikke i Trekantsambandet Stord — Bømlo - Sveio, og det er ingen planar om å fjerna bomstasjonen på Føyno med det første.

I 2003var det over 1,4 millionar passeringar. Trafikantane la igjen 108 millionar kroner i bomavgift. Det er 400.000 kroner meir enn prognosen. Med eit rentenivå på fem prosent og prisstigning på to prosent reknar Sunnhordland bru- og tunnelselskap med at anlegget er nedbetalt i første halvår 2013, dersom trafikkutviklinga held fram som før.

Trekantsambandet med sine fire bruer og sin undersjøiske tunnel kosta 1,8 milliardar kroner då det blei opna for trafikk i april 2001, og skulle etter planen vera nedbetalt først i 2015 - 2016.

I 2003 passerte i gjennomsnitt 3850 køyretøy i døgeret, 54 fleire enn prognosen. Personbiltrafikken utgjorde 92,1 prosent av trafikken, ifølgje bru- og tunnelselskapets statistikk.

Abonnentar med Autopass i Trekantsambandet kan frå 1.februar også nytta brikka i bomringen i Bergen og bomanlegga rundt Stavanger. For å oppnå rabatt må trafikantane teikna lokale avtalar i kvar av dei to byane.

<b>EN BRIKKE TIL GLEDE OG BESVÆR:</b> Slik ser AutoPASS-brikken ut. Den kan du bestille på internett eller med et skjema alle husstander får i posten.