56 sliterar i Sogn og Fjordane fylkeskommune må no levere inn gulluret dei fekk for lang og tru teneste.

25 års teneste i fylkeskommunen kvalifiserer til ærefull seremoni og gull armbandsur som gåve frå arbeidsgjevaren.

I 2008 og 2009 fekk til saman 56 tilsette i Sogn og Fjordane denne merksemda, men samtlege blir no bedne om å levere jubileumsgåva tilbake. For dei fine jubileumsura har vist seg å ikkje vere heilt til å stole på, til frustrasjon for både gymnaslærar og fylkesbyråkrat.

— Før levering til oss vart loket bak på klokkene avmontert for å få inskripsjon. Etter dette sit det ikkje godt nok fast. Det har rett og slett losna på fleire av klokkene, og vi har no tilbakekalla alle dei 56 gullura, fortel driftsleiar i fylkeskommunen, Tore Oddvin Stølen.

No har leverandøren av jubileumsura gått med på å skifte ut samtlege 56 klokker med nye – av tilsvarande verdi og av eit anna merke.

— Vi er midt inne i arbeidet med å samle inn alle klokkene. Leverandøren har vore svært positiv og vil ordne opp i denne saka utan kostnad for oss, seier Stølen.

Ifølgje Stølen har jubileumsgåvene i fylket ein verdi på inntil 7.000 kroner, og er innkjøpt etter ordinær anbodsrunde.