Materialet var kryptert, men etter meir enn eitt års arbeid, har politiet knekt koden, opplyser politiinspektør Svein Erik Krogvold ved Hordaland politidistrikt til Bergens Tidende.

Den 52-årige bergensaren har store datakunnskapar. Difor må han ha kjent seg temmeleg trygg på at ingen ville greie å knekke krypteringa, då han lasta ned barnepornoen frå nettet.

Då politiet gjennomførde ransaking og beslag hos mannen under den landsomfattande «aksjon Pendulum» i august i fjor, nekta han einkvar befatning med barnepornografi.

Det kan han knapt gjere etter politiet sitt gjennombrot i etterforskinga: då dei greide å knekke koden, viste det seg at pc-en inneheldt 74.000 barnepornobilete.

— Saka er nå på det næraste ferdig etterforska. Det står att eit avsluttande avhøyr av mannen, seier Krogvold til Bergens Tidende.

Saka vil med det første bli oversendt statsadvokaten med innstilling.

Denne saka omfattar 10 gongar så mange barnepornografiske bilete som den hittil alvorlegaste saka som har vore oppe for Høgsterett, opplyser Krogvold. Den saka galdt 7000 bilete.

Høgsterett fastsette straffa til sju månadars fengsel, av dette fem månadar på vilkår. Straffeutmålinga vart såpass mild avdi saka hadde blitt svært gammal utan at den tiltala kunne lastast for det.

Viktige moment i saka kan vere kor lang tid den ulovlege verksemda har pågått og om det er tale om vidaresal, påpeikar Krogvold.

Sjølv skal politiinspektøren i Gulating lagmannsrett med ei ankesak, som gjeld barneporno, i neste veke. Mannen som då møter på tiltalebenken, vart i tingretten dømd til 60 dagars ubetinga fengsel for oppbevaring av barneporno. Han har anka for å få gjort straffa betinga. Statsadvokaten har motanka med påstand om 90 dagars fengsel utan vilkår.

Hordaland politidistrikt sat med 13 saker som galdt barneporno, etter «Aksjon Pendulum». Tre av sakene vart lagt vekk nokså raskt på grunn av bevisproblem.

Av dei 10 sakene som då sto att, er fem saker avgjort, nokre med bøter andre med fengsel, medan fem ikkje er ferdig etterforska, opplyser Krogvold.

SNART KLAR: Politiinspektør Svein Erik Krogvold er så godt som ferdig med etterforskinga av mannen som hadde 74.000 barnepornobilete på pc-en sin, og sender snart innstilling til statsadvokaten.<p/> ARKIVFOTO: TOR HØVIK