Mannen visste at han hadde alkohol i blodet, og prøvde å stikke seg unna då han fekk auge på ein politikontroll litt lenger framme. Eit mindreårig barnebarn var passasjer på promilleturen.

Mannen, som i ei årrekke har vore den fremste skulebyråkraten i ein kommune i Sogn og Fjordane, må no finne seg i å ta førarprøven heilt på nytt.

Dette kjem på toppen av ein dom som inneber 21 dagars fengsel på vilkår, bot 50.000 kroner og inndrege førarkort i eitt år og fem månader. Dette er i samsvar med påstanden frå politiet, bortsett frå at aktor ville ha 53.000 kroner i bot. Det var ved 16-tida ein torsdag ettermiddag i april i fjor at mannen vart beden om å skysse barnebarnet halvannan kilometer i bil. Like før dette hadde han, ifølgje eiga forklaring, drukke omtrent to halvlitrar med øl heime hjå seg sjølv.

På turen med barnebarnet oppdaga han ein politikontroll litt lenger framme. Dermed svinga han brått inn på ein liten sideveg, i håp om å unngå kontrollen.

I retten forklarte han at dette skuldast rein refleks og panikkhandling.

Men politiet oppdaga manøveren og kom etter, og tok blodprøve som viste ei promille på 0,72. I tingretten erkjente mannen straffeskuld etter siktinga.