• Tippa, tippa, tippa, tippa, tippa, kvitrar Oddgeir Døskeland. Før han bankar på døra og går inn til 5000 frittgåande høner.

TERJE ULVEDAL

— Vi snakkar med dei kvar einaste dag. Når vi går inn tek vi med oss skjelsand. Då kjem dei trippande og et av handa. Det er viktig å kjenne hønene sine, forklarar Oddgeir Døskeland.

På Døskeland Bruk har dei drive med høns i 30 år. For eitt år sidan la Oddgeir og Ellen Skaug Døskeland om frå burhøns til frittgåande høner. Ikkje ein dag har gardbrukarparet angra:

— Vi har fått eit miljø som er ideelt både for høner og folk. Fuglane er lukkelege, det er det ikkje tvil om. Og vi som steller dei har fått eit heilt anna forhold til dei, det er rett og slett moro no.

Egg på samleband

I ein 14 meter brei og 60 meter lang bygning trippar 5000 høner rundt og flaksar med vengene så mykje dei vil. Verpekassane er plasserte i midten og går langs heile lengda. Når hønene har gått i verpekassane syter eit tidsstyrt system for å jage dei ut at att, slik at dei ikkje legg seg til og opptek plassen for andre som har eit egg å leggje. Hønene, som er av typen Hy-line, avla fram spesielt for å gå fritt, forsyner seg sjølve med drikke frå vassniplar. Fôringsanlegget syter for at dei får mat fire gonger for dagen.

— Alt er heilautomatisk, forklarar bonden og kikar på vassmålaren. - Hittil i dag har dei drukke 155 liter vatn, konstaterer han.

Det einaste som ikkje er automatisert er sorteringa og plukkinga av egga. Frå verpekassane blir egga ført ut av hønseriet på samleband. Kvar einaste dag sorterer dei mellom 4300 og 4500 egg på Døskeland Bruk. På ei veke blir det to tonn egg som blir frakta til samvirkeorganisasjonen Priors eggpakkeri i Bergen. For kvart kilo får Døskeland 14 kroner, to kroner meir enn dei som driv med burhøns får.

Burhøns lever lengst

I år kjem seks prosent av den samla eggproduksjonen frå frittgåande høner. Resten av egga blir vorpe i bur. Men innan 2012 skal alle norske høner vere frittgåande. Norske eggprodusentar står framfor ei formidabel omstilling dei kommande åra.

I Prior forskar dei no for å finne beste driftsforma for hønseri med frittgåande fuglar. Overraskande nok viser forskinga at burhøns lever lenger enn sine frittgåande artsfrendar.

— Kannibalisme er eit problem mellom høner som går fritt. Dei hakkar og plukkar på kvarandre. Då blir det sår og sjukdomar, seier forskings- og utviklingssjef John Nordal.

— Så høner er rett og slett kannibalar?

— Ja. Høner går ikkje godt saman.

Prior-sjefen, som er utdanna veterinær, peikar på fleire faktorar som fører til at frittgåande eksemplar får eit kortare liv enn dei som bur i bur. Mellom anna er faren for smittespreiing større og dei er meir utsette for stress. For produsentane blir det meirarbeid med stell, inspeksjonar og plukking av egg som blir lagt der dei ikkje skal.

Nordal greier ikkje å skjule at han meiner folks tiltru til at frittgåande høner har det best, går meir på kjensler enn på faktakunnskap om reell dyrevelferd.

— Men vi må ta inn over oss at opinionen og politikarane ikkje ønskjer høner i bur, seier han.

Strukturerte

På Døskeland har dei merka lite til dei negative innvendingane frå Prior-veterinæren. Korrekt lyssetjing gjer at hønene blir rolege, og ikkje pikkar på kvarandre.

— Lysregulering er alfa og omega. For mykje lys, og dei tek til å pikke på kvarandre. Det kan gå hakkande gale, for å seie det slik. For lite lys, og dei finn ikkje mat, drikke eller verpekassar, seier Oddgeir.

Noko plage med at hønene legg frå seg egg i alle krokar og krikar har dei heller ikkje hatt.

— Kanskje ligg det eit par egg på golvet kvar dag. Det er ikkje mykje når vi snakkar om bortimot 4500 egg for dagen. Høner er utruleg strukturerte.

Sjukdomar har dei ikkje vore plaga med, men så gjeld også strenge reglar. Berre dei som arbeider på garden får sleppe inn til hønene. Og dei som jobbar der skiftar til spesielle klede og sko før dei går inn.

Noko av årsaka til at overgangen har vore smertefri kan vere ei uvanleg grundig planlegging.

— Vi brukte fem år før vi tok til på bygginga. Då besøkte vi hønseri både her i landet og i utlandet. Vi plukka det beste frå alle, fortel Ellen.

LUKKELEGE HØNER: Oddgeir Døskeland og 5000 høner trivst med kvarandre. - Dette er rett og slett moro, seier bonden til Døskeland Bruk etter eitt år med frittgåande høner.<br/>Foto: ODDLEIV APNESETH