Kommuneøkonomien i Stord er i krise, 40 stillingar skal bort innan sommaren. Skulen får merka kutta blant anna ved færre vikarar og mindre spesialundervisning.

Kommunalt foreldreutval, som arrangerte fakkeltoget og demonstrasjonen i kveld, ønskjer skulebudsjettet styrkt med minst fire millionar kroner. På plakatane i går stod det mellom anna «Sats på skulen», «Me treng vikarar», «Tenk økonomi — sats på skulen».

<b>PROTEST:</b> Trude Røstbø (t.v.) og Rebecca Hovland frå klasse 9c ved Nysæter ungdomsskule tok turen frå Sagvåg for å delta i fakkeltog-demonstrasjonen på Leirvik i kveld.<p/> FOTO: OVE A OLDERKJÆR