Avgjerda inneber 50 nye arbeidsplassar til Høyanger når fabrikken er i full drift i 2005. Selskapet vurderte også å lokalisere fabrikken til Odda eller Mo i Rana, men valde altså å satse på Høyanger.

— Viktigaste grunnen er at forholda låg svært godt til rette her i Høyanger, mellom anna er infrastrukturtiltaka på plass, seier ordførar Kjartan Longva.

Fabrikken skal inn i lokala til den tidlegare Slugfabrikken som Hydro la ned i desember 1998. Den gongen blei 74 personar sett på døra, no kan nesten alle arbeidsplassane vere på veg tilbake.

Selskapet skal hente støvavfall frå europeiske stålverk. Dette skal fraktast med båt til Høyanger. Gjennom ein oppvarming- og nedkjølingsprosess kan det vinnast ut sink frå avfallet. I tillegg løyser den nye Høyanger-bedrifta dei kjempestore vanskane europeiske stålverk har med å deponere avfallsstoffa frå produksjonen.

Energi Recycling reknar med eitt års arbeid med å byggje om Slugfabrikken for den nye produksjonen. Frå 2005 skal produksjonen få for fullt.