HANS K. MJELVA

I dag opnar utdanningsminister Kristin Clemet den største internasjonale politiske konferansen i Bergen på mange år.

I to dagar skal 50 ministrar frå 45 europeiske land drøfte korleis dei skal få til ein sams europeisk utdanningsmarknad, den såkalla Bologna-prosessen.

Dei fleste kom i går til Flesland, der dei vart bukka ut i ventande limousinar som køyrde dei til sentrum.

Då vi tok turen til Flesland i går formiddag, hadde Slovenias utdanningsminister Jure Zupan nett kome med København-flyet.

Han var nøgd med solskinet han møtte på Flesland, men meir usikker på Bologna-prosessen.

— Eg tykkjer det er ein god idè. Men problemet er korleis det skal gjennomførast, og korleis ein skal sikre at kvaliteten på studentane ikkje blir dårlegare, seier han.

Etter at Jon Lilletun skreiv under på den ikkje så svært forpliktande avtalen i 1999, har Noreg gått lenger enn dei fleste land i å ta i bruk prinsippa i prosessen.

Mellom anna har det norske hovudfaget blitt erstatta med ein mastergrad, og mellomfaget med bachelorgrad. Karaktersystemet har òg blitt forenkla, og tilpassa det som skal bli ein europeisk standard.

Målet er at gradar og karakterar skal bli godkjent på tvers av landegrensene, slik at det blir lettare å studere og få jobb i andre land.

I Noreg har denne såkalla kvalitetsreforma ført til massiv kritikk på universiteta. Mellom anna er slik kritikk ei av hovudsakene til den nyvalde rektoren på Universitetet i Bergen, Sigmund Grønmo.

Samstundes som ministrane og deira følgje møtes på Hotel Noreg, arrangerer kritiske studentar og forskarar ein alternativ konferanse på Universitetet. Her vil det vanke langt hardare ord mot det mange meiner er eit opplegg for ei kommersialisering av høgare utdanning, og ei øydelegging av eit kreativt mangfald.

<b>MINISTERPLASSEN: </b>Slovenias utdanningsminister Jure Zupan var blant dei mange ministrane som i går kom til Flesland
KNUT STRAND