50-åringen er dømt fordi han var sjåfør for ein 18 år yngre mann som medan sistnemnde gjennomførte to narkotikahandlar.

Retten finn det prova at 50-åringen såg at den yngre kameraten talte opp «ein haug!» Rohypnol-tablettar, og deretter utveksla ei rekke telefonsamtalar og SMS-meldingar. Sidan køyrde han kameraten rundt slik at denne fekk gjennomføre narkohandelen, blant anna selde han tusen rohypnol til ein namngjeven Førde-mann.

I retten hevda tiltalte at han ikkje var klar over at det dreidde seg om narkotikahandel, ei forklaring som tingretten ikkje festa lit til. Retten meiner tvert om at 50-åringen gjennom sin handlemåte har styrkt den yngre kameratens forsett og gjennom dette medverka psykisk til narkotikahandelen.