Det er Statens vegvesen som har rekna ut dette. Vegdirektør Olav Søfteland la i går fram ei utgreiing om stamvegnettet som innspel til arbeidet med Nasjonal Transportplan 2009-2019. Utgreiinga syner at det trengst 230 milliardar kroner for å byggja ut stamvegnettet i Noreg til ein standard som oppfyller alle vegvesenet sine krav til tryggleik og effektiv transport.

Olav Søfteland går så ut frå dagens løyvingstakt på 4,5 miliardar kroner året, og kjem fram til at det vil ta 50 år gjera jobben.

Vegdirektøren skulle gjerne lagt inn høgare ambisjonar for stamvegane. Til dømes 30 år for å gjera arbeidet ferdig. Men då treng han 7,5 milliardar kroner året, og Søfteland er realistisk nok til å skjøna at det får han ikke.

Streng prioritering

— Difor må vi prioriera strengt og sjå på heile stamvegnettet samla. Utgreiinga vår er meint som eit grunnlag for diskusjoner og debatt om vegen videre, seier Olav Søfteland.

I utgreiinga har Statens vegvesen tatt utgangspunkt i eit forslag til nye vegnormalar. Forslaget ser slik ut:

*** Vegar med mindre trafikk en 4000 pr. døgn skal ha ei minste breidde på 8,5 meter.

  • Vegar med trafikk frå 4000 til 8000 bilar pr. døgn skal vera 10 meter breide.
  • Er trafikken på mellom 8000 og 12.000 bilar pr. døgn, skal vegen ha to til tre køyrefelt og ha ei breidde på 12,5 til 14,5 meter. Vegen skal dessutan ha midtrekkverk.
  • For trafikk på over 12.000 bilar pr. døgn er kravet fire køyrefelt og minimum 19 meter breidde.**

Fire felt

Når det gjeld stamvegnettet i Hordaland, er fire felts veg frå Os til Bergen sentrum (Danmarks plass) høgt oppe på prioriteringslista. På E 16 har vegvesenet som mål å utvida til fire felt mellom Trengereid og Indre Arna. Frå Indre Arna til Vågsbotn trengs det og fire felt (smal firefelts veg) og det sjølv om Arnatunnelen vert bygt, går det fram av utgreiinga.

Mellom Bergen og Knarvik vil det kosta 5,6 milliardar kroner å få full stamvegstandard.

Kortare ventetid

I Sogn og Fjordane er Statens vegvesen mest oppteken av å få full breidde på vegen opp og ned frå Filefjell. Gjennom Førde og nordover mot Byrkjelo må det og brukast mange pengar.

Går det som Vegvesenet vonar, vil seks ferjestrekningar vera reduserte til fire innan 30 år. Og dei ferjene som er att, bør gå oftare. Forslaget er 20 minuttars avgangar mellom Halhjem og Våge når brua over Langenuen er bygt. Også Oppedal-Lavik må få avgangar kvart 20. minutt.