Jenta ligg no i respirator på Førde sentralsjukehus. Tilstanden blei fredag kveld karakterisert som ustabil og kritisk.

Ved Førde lensmannskontor får Bergens Tidende opplyst at jenta blei funnen skadd i eit rom i huset der ho budde. Jenta hadde då leika åleine i rommet ei kort tid. Ambulansemannskap som kom til staden starta straks gjenopplivingsarbeid.

Kripos kom i går til Førde for å hjelpe lensmannskontoret i etterforskinga. Men lensmannsførstebetjent Dag Øyen understrekar at dette dreiar seg om ei tragisk ulukke. Kripos er kopla inn for å hjelpe til med å finne svar på korleis jenta kunne skade seg.