Sunnhordland tingrett har dømt ein 27 år gammal mann til to års fengsel for oppbevaring av det store hasjpartiet som Stord-politiet kom over i oktober 2001. 27-åringen våga ikkje å ta partiet med seg til Bergen då han oppdaga kor mykje stoff det dreia seg om.

Mannen som skulle ta imot bagen i Bergen døydde i fengsel. Og politiet har ikkje greidd å nøsta opp kven som eigentleg eigde narkotikaen, kor stoffet kom frå eller kor det skulle omsetjast.

Ringte frå politiet

Om lag ti personar blei pågripne etter at bagen med 4,7 kilo hasjisj og 9,1 gram amfetamin blei funnen i ein bil ved Leirvik 18.oktober 2001. Ingen vedkjende seg eigarskap til stoffet.

Ein stordabu som sat i avhøyr i ei anna sak førte Stord lensmannskontor til det store beslaget. I ein pause i avhøyret bad han om å få ringja advokaten sin. I staden ringte han til ein kamerat og bad han flytta den omtalte bagen frå huset sitt. Han visste ikkje at politiet avlytta samtalen og etterpå fann narkotikaen i bilen.

Bileigaren er tidlegare dømt til 20 månaders fengsel for å ha medverka til oppbevaring av narkotikaen.

Sunnhordland tingrett ser ikkje bort frå at 27-åringen som no er dømt for oppbevaring kan ha vore mellommann i eit større opplegg for omsetnad av hasjisjen. I alle høve er retten overtydd om at han visste at det var eit stort parti hasj i bagen.

GHB til kroppsbygging

27-åringen si straff på to års fengsel omfattar også oppbevaring av 2,6 liter av det narkotiske stoffet GHB (gammahydroksydbutyrat) i Bergen hausten 2001. Han hevdar at han skulle bruka stoffet til si eiga kroppsbyggingstrening.

27-åringen fekk i tillegg ein stordabu til å bestilla anabole steroidar, narkotiske tablettar og potensmiddlet Viagra til seg via tekstmelding. Dette skjedde sommaren eller hausten 2001, og tablettane skulle omsetjast på Stord.

Den 31-årige stordabuen er dømt til seks månaders fengsel for tablettbestillinga, og for kjøp av rundt 25 gram amfetamin på Stord, også det for to år sidan.