I tillegg til ei rekke grove seksuelle overgrep mot stedottera, er mannen dømt for omfattande valdsbruk mot den dåverande kona si.

— Eg er godt nøgd med at dommen vart såpass streng. Særleg med tanke på at han i 1997 fekk ein dom som har skremmande likskapar til denne saka, seier statsadvokat Jogeir Nogva som var aktor i straffesaka for Nordfjord tingrett. I retten påstod Nogva fem års fengsel for 52-åringen.

To valdtekter

Domfelte er opphaveleg frå Molde, men flytta til Bergen og seinare Nordfjord då han vart aktiv i den karismatiske frikyrkja Levende Ord. Samtlege overgrep skjedde mellom 1998 og 2002, anten i Bergen eller i Nordfjord.

Dei seksuelle overgrepa mot stedottera starta da ho var under 14 år gammal, og varte i ein periode på to og eit halvt år. Retten finn det bevist at det i minst to konkrete tilfelle er snakk om regulær valdtekt.

— (...) Det kan heller ikke være tvil om at tiltalte også har beveget seg i grenselandet mot voldtekt ved en rekke andre anledninger, skriv retten vidare, og legg skjerpande vekt på at fornærma hadde eit tillits- og avhengighetsforhold til sin overgripar. Her peikar retten på at fornærma faktisk tok imot stefaren med glede då han var ny i familien.

Retten meiner at stedottera er svært truverdig, og at ho heile tida har halde fast på si forklaring. Ho har både fysisk og verbalt prøvd å verge seg mot overgrepa, skriv retten, som også viser til at 52-åringen eit stykke på veg har erkjent deler av desse tiltalepunkta.

Mannen var også tiltalt for grov vald mot mor til jenta.

Vald mot kona

Ifølgje mora si forklaring kunne reine bagatellar utløyse eit voldsomt sinne hjå mannen. Han skal ha prøvd å forklare raseriet sitt med at det var ho - og ikkje han - som var utpeikt som leiar for den lokale bønnegruppa i frikyrkja.

Ifølgje tiltalen skal han ha truga, brukt slag og annan fysisk vald mot kona mellom 1998 og 2002. Valden bestod for det meste av slag med knytta neve, og kona og resten av familien måtte eit par gonger ta opphald på Krisesenteret.

Kona forklarte at han dessutan har truga fleire gonger med å drepe henne, med å setje huset i brann eller øydelegge det med motorsag. Det ekstreme kontrollbehovet hans gjorde at ho ikkje orka å bu heime lenger, heiter det i dommen.

I retten erkjente 52-åringen å ha «fika» til kona, men hevda at dette skjedde under basketak der begge var aktive.

I erstatningspørsmålet peikar retten på dei grove overgrep stedottera er utsett for, og viser til at skader ofte materialiserer seg fleire år seinare. Retten meiner 150.000 kroner til stedottera er rett erstatning for ikkje-økonomisk skade.

I tillegg legg retten til grunn at domfelte og kona har ein minneleg avtale om ei erstatningsordning tilsvarande 25.000 kroner for økonomisk tap.