Politiet fann også 4700 bilder med barnepornografisk innhald og rundt 40 tilsvarande videosekvensar på mannens pc, samt sju videofilmar med barnepornografisk innhald heime hjå mannen.

Meldt av Redd Barna

For dette har mannen fått eit halvt års fengsel, der halvparten er på vilkår. Ytre Sogn tingrett har utmålt såpass streng straff på grunn av 42-åringens aktive rolle med å spreie det ulovlege materialet. I tillegg er det belaglagte materialet både omfattande og svært grovt, framgår det av domsslutninga.

Det var svensk Redd Barna som melde saka til Kripos, medan det lokale politiet har stått for etterforskinga.

— Det er ei belastning også for politifolk å gå gjennom slikt materiale. Barneporno kan vere så mangt, men her snakkar vi om svært grove ting, seier aktor i saka, politifullmektig Rune Stenstrøm.

— Vi ser heldigvis ei skjerping av straffene i slike saker. Høgsterett har lagt til grunn at materiale som dette er å betrakte som eit direkte framhald av dei overgrepa barna blir utsett for på bilda.

Stenstrøm opplyser at politiet ikkje har identifisert nokon av barna på materialet, og at dei antar at det er produsert i utlandet.

Vedtok dommen

42-åringen er tidlegare domfelt to gonger for seksualbrotsverk, men desse dommane ligg så lagt tilbake i tid at dei ikkje har blitt spesielt vektlagt i skjerpande lei.

Ifølge dommen inneheld filmane og bilda ulike typar grove overgrep mot barn heilt ned til 4-5årsalderen, inkludert det retten kallar tvangssituasjonar der barna er bundne. 42-åringen er dømt for å ha forsøkt å spreie ein del av materialet til nettstader som krev dette som motyting for å gje tilgang til materialet som allereie fins der.

I formildande retning peikar retten på at sikta er ein ressurssvak person, og dei rettsmedisinske sakkunnige meiner mannen har ei schizoid personlegdomsforstyrring og at han er pedofil.

Påtalemakta har også fått medhald i nndraging av mannens pc, diskettar, cd-romplater og filmar med ulovleg innhald.

I retten erkjente han straffeskuld etter tiltalen, og vedtok dommen på staden.