41-åringen påkjærte fengslinga i Sunnfjord tingrett sist fredag, der han fekk fire veker i varetekt med brev— og besøksforbod og delvis isolasjon.

I går starta poliitet opp med nye avhøyr av sikta, noko han går med på etter å ha fått medhald i sitt krav om innsyn i etterforskingsdokumenta.

Ifølgje forsvararen hans, advokat Ivar Blikra, held 41-åringen fast på si opphavelege forklaring og nektar å ha hatt noko med drapet å gjere.