400meterkunst

"400meterkunst" er Noregs største salsutstilling av kunst, arrangert av frivillige vossingar. Hausten 2007 vart Voss sentrum gjort om til eit stort galleri. I butikkane i Vangsgata fann ein arbeid frå 73 ulike kunstnarar frå heile landet. Ulike kunstformer var representert, mellom dei biletkunst, grafikk, foto, video, glas, keramikk, teater og performance. "400meterkunst" ynskjer alle hjarteleg velkomen til Voss og utstillinga som vil finna stad 11. til 25. oktober 2008. Sjå meir på heimesida