Manglande systematisk tilsyn. Enkel tilkomst for utanforståande. Defekte sprinklerdyser. Uklart ansvarsforhold.

Aker Stord avdekkjer ei rekkje manglar i ein førebels granskingsrapport etter at rundt 4000 liter flytande propan lak ut frå ein tank på verftet 3.juli.

Det var arbeidsfolk som merka gasslukta som til sist førte Industrivernet fram til ei defekt pumpe under ein propantank ved sjøen ytterst på verftsområdet. Der oppdaga dei ei 30-40 centimeter brei «elv» av eksplosjonsfarleg propan som rann nedover berget mot sjøen.

Gransking

Ingen personar kom til skade i uhellet, som er rapportert til DSB (Direktoratet for samfunnssikerhet og beredskap) av ei intern granskingsgruppe.

Statoil eig tanken, Aker Stord har ansvar for røyrsystem knytt til han. Ifølgje granskingsrapporten er ansvarsforholdet mellom selskapa uavklart når det gjeld røyropplegg og utstyr.

Statoil dokumenterer at tanken blei testa i oktober i fjor. Aker Stord hadde sist dokumenterte tilsyn med fordelingsnettet i 2006.

Open luke

Då granskingsgruppa testa sprinkleranlegget på gassanlegget, var det fire dyser som ikkje fungerte. Luka til eit eksplosjonssikkert sikringsskap stod open,

Gruppa tilrår eit systematisk og dokumentert program for tilsyn og vedlikehald, montering av ein fjernoperert stengeventil, betre merking og skilting, og betre fysisk sikring av propantankanlegget.