— Alt av ungdomsmiljø frå idrettslag til 4H vil forsvinne. Og kven vil slå seg ned i dette området, dersom dei veit at ungane må flytte på hybel når dei er når dei er 15? spør Thomas Blomvågnes (18) frå Fedje, elevrådsleiar ved Austrheim vidaregåande skule (AV).

I skulebruksplanen for Hordaland er det framlegg om å leggje ned skulen i Nordhordland. I ein konsulentrapport om tilsvarande plan i Sogn og Fjordane er Høyanger og Dale føreslått avvikla i fleire av dei fire aktuelle modellane. I verste fall kan altså eit område med ti kommunar og over 20.000 innbyggjarar bli ståande utan utdanningstilbod utover ungdomsskulenivå.

— Det er vanskeleg å tru at politikarane kan gå for eit så gedigent område utan ein einaste vidaregåande skule, seier Arve Helle, ordførar i Fjaler, vertskommune for Dale vidaregåande.

Kastar loss

"Ikkje knus AV", står det på peparkakehuset elevane på barne- og ungdomsarbeidarlinja har laga. Kampen til ungdomane for å berge skuletilbodet kjem no på utstilling i peparkakebyen i Bergen. Sju kilo deig gjekk med til skulebygget, skulebussen og skulebåten "Tornerose". På dekket av den siste held ein peparkakeelev fram sin plakat: "Eg vil ikkje bu på hybel".

Originalen, hurtigbåten MS "Tornerose", legg til kai ved Mastrevikane, eit godt steinkast frå Austrheim vidaregåande. På kaia står 46 elevar frå Gulen og Solund klar til å ta på heimveg. Gjennom hordalandsavtalen får ungdomane frå dei to kystkommunane i Ytre Sogn høve til å gå på skule i nabofylket. Avtalen inneber at Sogn og Fjordane fylkeskommune betaler kostnadene.

— Alternativet ville vore å flytte på hybel, seier Kjetil André Lambrechts Hatlem (18).

Skulebåten han tek kastar loss frå kommunesenteret Hardbakke halv åtte kvar morgon. Ti minutt seinare går 18-åringen opp landgangen heime på Nåra i Ytre Sula. Halv ni startar skuledagen. Heim att går båten på slaget tre.

Komplisert

— Så å seie alle frå Gulen søkjer seg hit. Berre dei lengst nord i kommunen går i Sogn og Fjordane, fortel Louise Thowsen frå Mjømna og Sunniva Unneland frå Sandøy. Dei to jentene frå Ytre Gulen tek også båten. Jamaldringane deira frå indre delar av kommunen går av bussen på Austrheim. Slik elevane frå Fedje, Radøy og Lindås gjer det.

— Det er litt av ein logistikk, men det fungerer, seier rektor Kjersti Haugland. Rektorkontoret er det gamle sjefskontoret på Mastrevik mekaniske verkstad. Her er det ikkje lenger produksjon. 264 elevar og 56 tilsette har teke over dei tidlegare industrilokale på kvar side av vegen ned til kaia.

— For meg er det eit paradoks at vi i ei tid der vi skal satse på å redusere fråfallet av elevar i vidaregåande skule, gjer det meir komplisert for ei stor elevgruppe, seier rektoren.

Meir enn halvparten

I skulebruksplanen for Hordaland er det teke til orde for at elevar ikkje bør ha meir enn ein time reisetid til skulen. Utdanningsforbundet ved Austrheim vidaregåande har i høyringsfråsegna si rekna seg fram til at 64 prosent av dagens elevar har meir enn ein time reisetid til Knarvik eller næraste skule i Sogn og Fjordane. 169 av dagens elevar vil altså få ei reise som gjer at dei må på hybel. I praksis vil det truleg bli fleire, fordi alle ikkje vil få plass i Knarvik.

Basert på dei same avstandskriteria reknar rektorane i Dale og Høyanger grovt sett med at på begge skulestadene vil i overkant av 100 elevar hamne i same situasjon. For brorparten av elevane ved desse skulane vil Førde bli det næraste alternativet.

— Sjølv frå Dale sentrum tek bussen meir enn ein time til Førde, seier rektor Gro Fivelsdal i Dale.

Sjå over fylkesgrensa

Reaksjonane på nedleggingsframlegga har vore sterke over heile området. I Høyanger har ei facebookgruppe som kjempar for å halde oppe skulen, på kort tid fått over 2600 medlemer.

— Det vil vere svært beklageleg dersom heile sørvestre delen av Sogn og Fjordane blir ståande utan vidaregåande skule, seier ordførar i Solund, Ole Gunnar Krakhellen.

På Austrheim tek dei no til orde for at politikarane i Sogn og Fjordane og Hordaland må sjå over kommune- og fylkesgrensene.

— Eg trur vi i åra framover vil sjå endringar både i kommune- og fylkesgrenser. I ei så viktig sak som har så store konsekvensar, må politikarane kunne snakke saman og samarbeide. Hordaland kan ikkje sjå heilt vekk frå det som skjer i Sogn og Fjordane og omvendt. Ingen vil tene på det, seier Kjersti Haugland.

PÅ HEIMVEG: Kjetil André Lambrechts Hatlem går på skyssbåten ved kai i Mastrevikane. Drygt tre kvarter seinare er han heime på Nåra i Ytre Sula.