— Dei er ein fare i trafikken, meiner politiet i Hardanger. No vil dei ha slutt på uvetig køyring på vinterføre.

Fleire gonger i veka rykker vi ut til trafikkproblem grunna austeuropeiske køyrety. Dei er ikkje utrusta for vinterføre og er ein fare for seg sjølv og andre i trafikken, seier politiførstebetjent Sigmund Vestrheim hos politiet og lensmannen i Odda.

Tysdag ettermiddag fekk ein førar frå Romania køyreforbod etter å ha sperra trafikken på E 134 mot Røldal. Føraren av vogntoget hadde to kjettingar med seg, han skulle hatt sju. To tjekkiske førarar blei bøtelagde samme ettermiddag.

Dette er ikkje eineståande tilfelle. Fleire gonger i veka må politiet rykke ut etter at vogntog stenger vegen. Nyleg fekk ei polakk ei klekkeleg bot fordi han mangla kjettingar. Samtidig fekk han pålegg om å skaffe seg slike.

-Dagen etter blei han igjen stoppa av politiet, han hadde køyrt vidare utan å bry seg om pålegget, seier politiførstebetjent Vestrheim.

Han meiner at både førarane, firmet dei jobbar i og selskapa dei har oppdrag for må setje seg betre inn i kva som er nødvendig utstyr på norske vintervegar.

— Noko må gjerast. Desse vogntoga er ein fare i trafikken, seier Vestrheim.