Dette betyr at dagens pris på periodekort mellom Knarvik/Flatøy og Bergen på 1050 kroner går ned til litt over 600 kroner.

Samferdselsutvalet gjekk samrøystes inn for dette i går føremiddag. Dermed er det all grunn til å tru at fylkesutvalet vil fylgja opp i dag, og at fylkestinget vil finna dei pengane som trengst på julemøtet i neste veke.

— Dette er eit viktig og svært gledeleg fyrste steg for å få fleire til å reisa med bussen, seier Erik Natvig i Natur og Ungdom til Bergens Tidende. Natur og Ungdom markerte standpunktet sitt i føremiddag med eit stort banner som dei hengde ut frå øvste etasjen i ByGarasjen, på sida som vende mot Fylkeshuset.

Gratis nyttårsaftan

Billegare periodekort over Nordhordlandsbrua heng saman med at brua vert gratis nyttårsaftan. Då er ho ferdig betalt etter 11 år og 3 månader. Dei fleste reknar med at biltrafikken over brua vil auke monaleg når bompengane fell vekk. Av den grunn har både fylkespolitikarar og kommunepolitikarar nord og sør for brua vore opptekne av korleis dei kunne motverka dette.

Opposisjonspartia i fylkestinget har lenge vore innstilte på å prøva 40 prosent billegare periodekort. Kristeleg Folkeparti, som høyrer til fleirtalskoalisjonen, har meint det same. Høgre og Framstegspartiet har vore tyngre å få med, men KrF har gjort jobben overfor sine to partnarar.

Askøybrua neste

Konkret går vedtaket ut på at 40 prosent billegare periodekort vert innført som ei prøveordning frå 1. januar 2006 til 1. juni 2006. Deretter skal fylkeskommunen vurdera korleis ordninga har verka. Er resultatet positivt, kan det koma på tale å utvida ordninga til også å gjelda på Askøybrua, der bompengane fell vekk ein gong i 2. halvår 2006. Noko liknande skal då vurderast også for Sotrabrua og for innfarten frå Os til Bergen.