– Eg tenkte det var ungar som hadde leika i skogen og kutta ned tre. Så fann eg haugen med 40 små og store tre og blei ganske overraska, seier Haraldseide til bt.no.

Det var onsdag i førre veke at han køyrde forbi skogsteigen og oppdaga tjuveriet.

– Eg køyrer denne vegen dagleg og er sikker på at trea ikkje var der dagen før eg fann dei. Dei må ha vorte hogde på natta, seier bonden til avisa Grannar.

Han undrar seg stort over funnet og skjønar ikkje at nokon kan vera så frekke.

– Jul skal jo vera ei kjekk tid. Så rike som me er i Norge i dag, trudde eg ikkje eit slikt tjuveri skulle vera mogleg, seier han til bt.no.

Han hadde sjølv tenkt å selja trea og rekna med å få 150 kroner stykket. No ligg dei i ein haug på tunet hans, medan nokre ligg att i skogen. Der ligg óg ei skriftleg åtvaring:

– Eg skreiv ein lapp der det stod. Åtvaring – tjuvhogst og namn og nummeret mitt, seier bonden.

Han har ikkje meld saka til politiet.

AURELIJA P. HUSTVEIT, GRANNAR