Også den 39 år gamle bror hans hamna i vatnet, men vart redda opp av vatnet tidsnok til å berge livet. Han ligg no på Haukeland sjukehus, men skal ikkje vere livstrugande skadd.

Politiet fekk melding om ulukka litt over klokka 04 natt til søndag. Drukninga skjedde i båthamna ved Høyvik på Atløy, eit lite samfunn i Askvoll kommune.

— Dei to brørne hadde vore på eit arrangement i det lokale samfunnshuset, og skulle overnatte ombord i båten som låg fortøyd ved kai, fortel 1. betjent Arnt Johnny Langeland ved Askvoll lensmannskontor.

— På ein eller annan måte har dei hamna i sjøen da dei skulle stige ombord i båten sin etter at arrangementet var slutt. Ei lita stund seinare kom nokre kameratar ned til hamna. Dei oppdaga brørne i vatnet, og fekk berga begge to opp på flytebrygga.

Men for den eine var det altså for seint. Den 39 år gamle broren vart sendt til Haukeland sjukehus, og er utanfor livsfare.

— Korleis var forholda der ulukka skjedde?

— Det var heilt mørkt, og det kan ha vore glatt der dei to skulle gå ombord i fritidsbåten dei skulle overnatte i, seier Langeland.

40 år gamle Frank Rune Alden var ugift og budde på øya Alden i Askvoll.

Den omkomne er sendt til obduksjon, opplyser politiet, som ikkje har mistanke om noko kriminelt i samband med dødsfallet.