MS «Øygar» i rute mellom Vågen i Bergen og kaiane utover på Sotra og i Øygarden. Før bruer og tunnelar var det slike båtar som knytte byen saman med omlandet. Men så gjekk det mot slutten for den gamle båten.

Jan Eivind Holmefjord var ein ung mann med filmapparat og kjærleik til kystkulturen.

— Eg bestemte meg for å ta vare på den tida, fortel han.

Kanskje frå 70-talet

Sidan har filmen vore nærast urørt i skuffene hans i 40 år. No har han gitt filmrullen til Antonio Stasi som har digitalisert tidsbiletet. Ferda på originalfilmen er over 18 minutt lang og startar ved Torgutstikkeren i Bergen.

Opptaka vart gjort anten på slutten av 60-talet eller begynnelsen av 70-talet. Holmefjord er ikkje sikker. «Øygar» skal ha gått ut av rutetrafikken i 1969, men ting tyder på at opptaka må vera gjort nokre år seinare.

Ser kjente

Ei kvinne har teke kontakt etter at filmen vart vist her på bt.no. Ho meiner «Øygar» vart sett inn som reserve i ruta til eit stykke ut på 70-talet. Ho kjenner personar på filmen og har samanlikna med bilde i sitt eige album.

Filmen må vera frå 1974 meiner kvinna som ikkje vil ha namnet sitt publisert.Det er tydeleg at mykje har skjedd på 45 år. Klede og frisyre er kanskje kjekt å sjå igjen for nokon. Andre vil grøssa. Det er ikkje lenger så vanleg å dra saker på handkjerre. Ta turen i vårt fire minuttar lange utdrag av filmen.

Hugsar du båten? Fortel gjerne i feltet under