I retten nekta mannen for at handlingane i tiltalen har skjedd, men retten meinte mellom anna at forklaringane den vesle jenta gav i dommaravhøyr, var svært truverdige.

Det var sambuaren som i januar i fjor varsla helsevesenet etter at dottera hadde fortald om kva stefaren hadde gjort med henne.

Viste pornofilm

No har retten funne 31-åringen skuldig i ved fleire høve å ha gjennomført handlingar mot stedottera som er likestilt med samleie. Ved eitt høve skal han ha onanert i hennar nærvær.

Tiltalte er også funnen skuldig i å ha vist pornofilm for jenta i samband med overgrepa.

Passa på jenta

Retten peikar på at overgrepa skjedde i særleg fortrudde situasjonar då domfelte hadde ansvar for å passe på fornærma, og fann ingen spesielle formildande omstende.

I tillegg til fengselsstraffa er 31-åringen dømt til å betale jenta 100.000 kroner i oppreisingserstatning, pluss fem tusen i sakskostnader.

Påstanden frå aktor var fengsel i fire år.