Mannen er også dømt til å betala kvinna 100.000 kroner i oppreisningserstatning. Kvinna var dårleg etter alkoholinntak då mannen — som ho knapt hadde sett før - tilbaud seg å køyra henne heim frå ein utestad på Leirvik.

Det var i bilen sin han valdtok kvinna medan han heldt henne fast med makt. Ho prøvde å ringja ein kjenning på mobiltelefonen sin då ho ana kva som ville skje, men batteriet tok slutt.

Ho greidde å flykta ut av bilen, men blei dytta tilbake. 24-åringen sa i retten at kvinna samtykte i samleie.

Han ropte «hore» etter henne då han til sist sleppte henne ut av bilen.