39 personar omkom på vegane i Region vest i 2005. Dette er ein nedgang i høve til gjennomsnittet for dei fem føregåande åra.

I Hordaland og Sogn og Fjordane fylke har det vore ein gledeleg nedgang i drepne og hardt skadde ungdommar dei seinare åra, men i Sør-Rogaland distrikt har det vore ein urovekkjande auke.

I Region vest, som utgjer fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, mista 39 personar livet i trafikken i 2005. Gjennomsnittet for dei fem føregåande åra er 46 drepne per år. I høve til folketalet er det ein større del drepne i Sør-Rogaland distrikt enn i resten av regionen.

Møte— og utforkjøringsulukker Midtrekkverk på høgtrafikkerte vegar har vist seg å vera eit effektivt trafikktryggingstiltak, men det er også eit kostbart tiltak. Dei fleste alvorlege ulukkene i Region vest er utforkjøringsulukker.

Ei samanlikning mellom to femårsperiodar (95-99 og 00-04) viser at det har vore ein nedgang i drepne og hardt skadde ungdommar på over 30 % i Hordaland og Sogn og Fjordane fylke.

I Sør-Rogaland distrikt har det derimot vore ein urovekkjande auke på over 20 %. Førebelse analysar viser at denne utviklinga heldt fram i 2005. I dei seinare åra har det vore ein nedgang i dette talet i landssamanheng. Nedgangen i Nord-Rogaland er i samsvar med denne utviklinga.

Sei ifrå! Kampanje og i Rogaland I ei pressemelding skriv Statens vegvesen: I Hordaland og i Sogn og Fjordane fylke er det gode erfaringar med ”Sei ifrå!” - kampanjen og forsking viser at tiltaket har redusert talet på skadde og drepne. I 2006 set Statens vegvesen inn større ressursar i dette tiltaket i Sør-Rogaland for å auke kontrollane når ungdom er ute.

DØDSULYKKE: En av de tragiske dødsulykkene i Hordaland i 2005, skjedde her på på Averflaten i Lindås kommune. En 18 år gammel ungdom omkom.