I eit av klasseromma var temperaturen heile 38 varmegrader, i fleire andre rom var temperaturen over 30 grader. Dette førte til at verneombodet valde å stenge fire klasserom, to lærarrom og to kontor for vanlege arbeidsoppgåver. I så høge temperaturar kan det vere farleg å jobbe.

— 38 grader er i grenseland for liv og helse, innetemperaturen bør ligge mellom 20-22 grader. Temperaturar over 26 grader skal unngåast, seier overingeniør Vigleik Juvik i Arbeidstilsynet Vestlandet.

Øydelagde markiser

Det er klasseromma som er vendt mot sola som er stengt.

— Det burde vore gjort noko med både solskjerming og ventilasjon. Inneklimaproblemet vårt er 30 år og like gammalt som skulen, men har auka fordi markisene er slitne og øydelagde, seier rektor Elin Kvamme, som jobbar med ei melding til arbeidstilsynet.

— Eg har aldri høyrt om så høge temperaturar før. Slike temperaturar er sjølvsagt altfor høge. Det er ikkje haldbart i eit klasserom, seier Sonja Skotheim, leiar for Miljøretta helsevern på Helsevernetaten i Bergen kommune.

Vårproblem

Mai er ein typisk varme- og inneklimamånad. For to år sidan opplevde arbeidstilsynet i Bergen å få fleire henvendelsar dagleg i ein lang periode. Vårmånadene er spesielle fordi sola står såpass lågt på himmelen at den skin rett inn vindauga.

Hovudverneombodet for oppvekst i Bergen Rune Christian Dahl var med som rådgjevar og meiner Sandgotna skule er eit godt eksempel på at mange skular bygd på 1970-talet ikkje er i stand til å takle sterk varme.

— Skulen blir opna att for normal drift når temperaturane stabiliserer seg att. Men ein er nøydde å gjere ein grundigare jobb for å få ei varig løysing, seier Dahl.