Sigmund Gravdal blei i fjor sommar drepen med ei lang rekke slag med ulike verktøy. Gravdal, som budde på Sandvoll i Kvinnherad, blei 65 år gamal.

I dag er den eine kvinna frifunne for drapet. Den andre, ei 48 år gammal kvinne, er dømd til 13 års fengsel. 48-åringen tilsto å ha stått bak handlingane, men hevda at ho handla i naudverje. Dette er ho ikkje trudd på av Sunnhordland tingrett.

«Etter rettens skjønn er det ikke ført tilstrekkelig bevis for at (37-åringen) har slått avdøde eller på annen måte påført ham vold», skriv tingrettsdommer Frank Schmidt.

— Skal feire jul med sine nære

Statsadvokat Trond Høvik ba om 13 år i fengsel for begge då rettssaka vart avslutta for to veker sidan.

I dommen peikar tingretten på tre ting som frikjenner 37-åringen: At venninna forklarar at 37-åringen ikkje var med og. At kvinna sjølv i dei første, svært alkoholpåvirka timane etter arrestasjonen ikkje indikerte kjennskap til drapet. Og at tekniske funn «ikke utgjør noe sikkert bevis» mot ho.

— Det er ein gledeleg dom for min klient, som er lauslatt og heime etter 515 dagar uskuldig i varetekt. Dommen er klar på at retten meiner at ho ikkje har utøvd vald, og ho håpar marerittet med dette er over. No skal ho feire jul med sine nære, skriv 37-åringens forsvarsadvokat John Christian Elden i ei tekstmelding.

Hevda naudverje

48-åringen har innrømma å ha stått bak valden som drap Gravdal, men hevdar at ho gjorde det i sjølvforsvar. Ho har forklart at 65-åringen gjekk til åtak fyrst, etter at ho hadde avvist Gravdal sine seksuelle tilnærmingar.

— Så kom han mot meg, han skubba meg. Det er svart for meg, men vi enda opp i gangen. Der holdt han meg fast med eine armen, og slo meg i hovudet med det eg har bilete av er ein hammar, sa kvinna då ho forklarte seg i Sunnhordland tingrett.

Nekta straffskuld

Hennar 37 år gamle venninne nekta i retten for å ha vore delaktig i valden som til slutt tok livet av Gravdal.

— Eg har ingen bilete av at eg har sett vald. Eller hørt skriking. Eg har ikkje fått med meg at dei har krangla. Eg kan nesten ikkje hugse at eg var med dei, anna enn heilt i byrjinga. Det høyres rart ut, men eg kan ikkje hugse å ha veksla eit ord med Sigmund, sa ho i retten.

HJEMME: Sigmund Gravdal ble funnet drept i yttergangen på boligen sin på Sandvoll i Kvinnherad.
Odd E. Nerbø

Ifølgje dommen er det sannsynleg at 37-åringen var rett ved sidan av Gravdal under minst eitt av slaga mot han. Likevel seier dei at det ikkje er bevist at ho deltok i handlingane, eller oppfordra til dei.

Kvinna er dømd for å ha stole verdigjenstandar frå avdøde, samt for å ha kjørt bil i rusa tilstand. For dette meiner retten at ho må sone 90 dagar.

«Spekulativ tiltale»

Elden kallar tiltalen mot den yngste kvinna «spekulativ».

— Politiet erkjente sjølv at tiltalen ikkje bygde på konkrete bevis. Det gjer det uforståelig kvifor ho måtte sitte i varetekt så lenge før rettssaka. Saka kan gi grunn til ettertanke både for dommarar og Stortinget, ut frå kritikken Norge får internasjonalt for bruk av varetekt, skriv Elden.

Aktor i saka, statsadvokat Trond Høvik, ønsker ikkje å kommentere utsagnet frå Elden.

— Vi vil no gå gjennom dommen før vi sender ei innstilling til Riksadvokaten. Det er han som må ta avgjerda om dommen skal ankast, seier Høvik.

Ikkje nødverge

For den 48-årige venninna, trur ikkje Sunnhordland tingrett på forklaringa om naudverje. Til det var valdsbruken for omfattande, skriv dei.

«Den omfattende volden som Gravdal ble påført ... gjør at det etter rettens skjønn fremstår som utvilsomt at de slag som førte til at Gravdal døde ble påført ham over noen tid og mens Gravdal lå eller satt på gulvet. Etter rettens skjønn må det anses som utelukket at (48-åringen) på dette tidspunktet fortsatt var i en nødvergesituasjon», skriv dommarane.

Dei meiner kvinna lett kunne ha komme seg unna, men at ho i staden heldt fram med å slå.

48-åringens forsvarer, Odd Arild Helland, seier til NRK at dei vil bruke tid på å vurdere om dommen skal bli anka.

Tidspunkta

Politiet mistenkte at drapet kan ha skjedd fordi Gravdal forsøkte å hindre ein eller begge kvinnene å stikke av med tjuvgods.

Gravdal døydde truleg i dei tidlege timane av 24. juli 2013. Dette er nokre av dei sentrale tidspunkta:

  • Kvelden 23. juli: Dei to tiltalte treffes igjen, for første gong på lenge. Dei rusar seg heime hos 48-åringen først, før dei køyrer til Sigmund Gravdal for å ruse seg vidare.
  • Etter midnatt, første timane av 24. juli: Truleg dødstidspunkt for Sigmund Gravdal, men med fleire timars feilmargin.
  • Rundt kl 14: To kvinner er observert av eit vitne som gåande langs vegen ved Gravdals hus.
  • Klokka 14.40: 48-åringen sett av politiet i eit busskur ikkje langt frå åstaden. Ho ba om å bli køyrd heim, noko dei gjorde.
  • Klokka 16.39: Ein nabo av Gravdal ringer politiet om at ein bil (som 37-åringen kom i), sto feilparkert ved Gravdals bustad. Politiet køyrer mot huset. På vegen møter dei på ein taxi med 37-åringen i, på veg heim.
  • 22.03: Politiet mottar oppringing frå 37-åringen, som fortel om ein død mann.
  • Klokka 22.30 og utover: Politiet kjem til åstaden.
  1. juli, klokka 1.05: 37-åringen blir pågripe av politiet. Blodprøve halvanna time seinare viser promille på 1,5.
  2. Klokka 1.50: 48-åringen blir arrestert av politiet. Blodprøve viser promille på 3,06.