— Er det frå Norsk Tipping? Kva heiter du?

37-åringen var svært skeptisk då Bjørn Takle frå Norsk Tipping ringte for å gi beskjed om den store gevinsten.

Mannen er van med å bli lurt av kompisar, og torde først ikkje å tru på Takle. Han trudde det var ein kompis som hadde fått ein han kjenner til å ringja. Men denne gongen var det altså sant. Det var ein ekte representant frå Norsk Tipping som ringde med bod om 2,3 millionar norske kroner i premie.

— Han blei ekstremt glad. Kona hans hadde meir enn nok med å halda styr på barna då me ringde, men han fekk omsider ropt på henne slik at ho kunne få gladmeldinga. Ho blei sjølvsagt også enormt lukkeleg. Endeleg kan dei betala ned huslånet sitt på 800.000 kroner, seier Takle, som er informasjonsrådgjevar i Norsk Tipping.

Sidan dei er så heldige å ikkje ha meir enn 800.000 kroner i lån, har dei framleis 1,5 millionar kroner igjen av gevinsten etter at lånet er nedbetalt.

Også tre andre tredveåringar fekk telefonar frå Norsk Tipping om milliongevinstar i går. Ein 36-åring frå Oslo, og ein 32-åring frå Skien blei lottomillionærar, medan ei 33 år gammal kvinne frå Steinkjer vann 2,4 millionar i Joker.