Tre bilførarar vart stoppa i kontrollen politiet hadde på riksveg fem i Eikefjord i Flora frå klokka 13 til 15 onsdag.

Føraren som kjørte fortast, hadde ein fart på 103 i 80-sona. Det kosta han 3600 kroner.

– I tillegg til desse tre, vart tre førarar stoppa og fekk tilsnakk for manglar, til dømes manglande lys, opplyser operasjonsleiar Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no.