Produksjonen som skjer ved Søderberg-anlegga i Sogn vil bli avvikla utan å bli erstatta. I klartekst betyr dette at kring 350 tilsette står utan jobb 1. januar 2007. Av desse er 200 i Årdal og 150 i Høyanger. Dette stadfestar informasjonssjef Thomas Knutzen i Hydro Aluminium overfor Bergens Tidende:

— Internt i Hydro vil det no bli sett i gang ein konsekvensutgreiing. Her vil vi sjå på korleis vi skal forhalde oss til alternativet at to hallar blir stengde, seier Knutzen.

Ting kan endre seg

Medan ordførarane i Årdal og Høyanger etter eit møte med Hydro-leiinga måndag denne veka sat att med eit inntrykk av at moderniseringsplanane skulle leggast på is i to år, fekk ikkje tillitsvalde som møtte leiinga onsdag slike signal.

— Slik det no ser ut, vil produksjonen som blir fasa ut når Søderberg-anlegga blir stengde, ikkje bli erstatta, seier Odd Semstrøm, kjemisk-tillitsvald i Årdal.

Samstundes understrekar både Semstrøm, som også er tilsetterepresentant i styret for Norsk Hydro, og informasjonssjef Knutzen at ting kan endre seg:

— Vi snakkar ikkje om eit definitivt vedtak om å seie nei til modernisering av aluminiumverka. Dette er ei avgjerd basert på korleis situasjonen blir vurdert no.

Aksepterer ikkje

— Vi kjem aldri til å akseptere dette. No vil vi jobbe mot Hydro internt, men også mot LO og det politiske systemet, seier Jarle Molde, leiar i samarbeidskomitéen for kring 2700 LO-funksjonærar i Norsk Hydro.

— Vi forstår ikkje den avgjerda som no er fatta. Hadde desse aluminiumverka gått med underskot, skulle eg skjønt det. Men faktum er at dei er pengemaskiner for Hydro. Eg sit med ei bestemt oppfatning av at det ikkje er økonomi, men strategi som ligg til grunn for det som no skjer. Og det kan vi ikkje vere med på.

— Men er det nokon som helst grunn til å tru at politikarane vil overstyre leiinga i Hydro?

— Nei, men det politikarane kan gjere er å sikre stabile og gode rammevilkår, svarar Molde og nemner el-avgifta som eksempel: - Norsk industri kan ikkje leve med at vi frå år til år ikkje veit kva vi skal betale i el-avgift. Ein auke i el-avgifta på eitt øre kilowattimen betyr 120 millionar kroner i auka utgifter for Norsk Hydro.

Færre tilsette uansett

Overfor Bergens Tidende understrekar Thomas Knutzen at i alle fall kring halvparten av dei 350 som no arbeider i Søderberg-produksjonen ville blitt overflødige, sjølv om anlegga hadde blitt moderniserte.

— Nye og meir moderne produksjonsmåtar krev færre tilsette, seier informasjonssjefen.

Det er likevel den langsiktige effekten av å ikkje modernisere som er største frykta på dei to einsidige industristadane. Fleire tillitsvalde fryktar at Hydro no vil køyre anlegga så lenge det går, og så fase ut bit for bit, til det er heilt stopp rundt 2020.

— Vi føler at det er det som føregår, seier kjemisk-leiar Billy Fredagsvik i Høyanger.

— Dette er eit alternativ vi ikkje lenger kan avvise. Men vi har ikkje tenkt å gje opp, kommenterer styremedlem Semstrøm.