Andre inntaksrunde til vidaregåande skule vart gjennomført onsdag. Tal frå inntakskontoret viser at det framleis er 345 med ungdomsrett som ikkje har fått skuleplass. I fjor på same tid var det om lag 220 som ikkje hadde fått plass.

— Årsaka er nok så enkel som at årskullet i år er større, seier inntaksleiar Nils Skavhellen til BT.

Etter første inntaksrunde var det 872 søkjarar som stod utan tilbod.

Sogn og Fjordane hadde sin andre inntaksrunde 25. juli. Då fekk 241 elevar tilbod om skuleplass. 279 søkjarar står framleis utan tilbod. Tredje inntak er 10. august.

— Alle som har ungdomsrett kjem til å få eit tilbod til slutt. Om alle er nøgde med det tilbodet dei får, er ei anna sak, seier Skavhellen.

Han seier at ikkje alle har brukt søknadsskjema maksimalt. Ein kan setja opp tre linjeønskje, og deretter seks skuleønskje for kvar linje. Dei som ikkje fekk tilbod om skuleplass etter første inntaksomgang, fekk invitasjon til eit møte med opplæringsavdelinga hos fylkeskommunen.

— Dei som brukte denne, har nok større sjanse til å koma inn ein stad dei kunne tenkja seg, meiner inntaksleiaren.

Måndag skal det avgjerast om det skal opprettast nye klassar i Hordaland. Kor desse klassane vil verta oppretta, er enno ikkje klart.

Det er VK2 allmennfagleg påbygging som har flest søkjarar som enno ikkje har fått skuleplass.

— Har dette samanheng med at mange ikkje har fått lærlingplass, og har søkt påbygging som eit alternativ?

— Det kan det ha, men påbyggingsåret har hatt ein grei auke dei siste åra. Det er òg mange som søkjer allmennfagleg påbygging etter at dei har fullført læretida. Men dersom det vert oppretta nye klassar, kjem me til å prioritera dei som har ungdomsrett, altså dei som ikkje har fått tre års vidaregåande opplæring, seier Skavhellen.

Tredje inntaksrunde i Hordaland er 12. august.