34-åringen er i tillegg dømd til å betala 697 kroner i erstatning og 50.000 kroner i oppreising til offeret.

Det var 19. juli i år at 34-åringen var på same fest som mannen han er dømd for å ha utført vald mot. Dei fire kameratane som var samla drakk alle alkohol, og det utvikla seg etter kvart ei aggressiv stemning mellom dei. 34-åringen blei beden om å gå, og ein av kameratane tok med seg 34-åringen utanfor huset og begynte å gå nedover vegen med han.

Plutseleg sprang 34-åringen tilbake til huset, der dei to andre kameratane var. Alle var på dette tidspunktet svært rusa, og konflikten mellom dei tilspissa seg. Dei to kameratane slo 34-åringen i andletet, noko som førte til at 34-åringen gjekk til angrep på ein av dei. 34-åringen slo han først i andletet, slik at han blei bevisstlaus. Deretter påførte han den bevisstlause mannen fleire spark, for så å hoppa på hovudet hans.

Offeret fekk brot og nerveskade i kjeven, sju ribbeinsbrot, brot i to ryggvirvlar og rift i levra.

Retten legg til grunn at valden ikkje er fullstendig uprovosert, men finn det skjerpande at valden er utøvd mot ein forsvarslaus person. Vidare heiter det i dommen at den grove valden har karakter av mishandling.

34-åringen mottar for tida sosialstønad, og er tidlegare dømd for vinningskriminalitet og brot på narkotikalovgjevinga og vegtrafikklova. Av omsyn til hans vanskelege økonomiske situasjon er han ikkje dømd til å betala sakskostnader.