I går ettermiddag vart ein mann i 40-åra, opprinneleg bosnisk flyktning og med bustad i Luster mesteparten av dei siste 13 åra, framstilt for varetektsfengsling. Dom fell i dag.

— Det er summen av etterretning og opplysningar frå vitner og fornærma som er bakgrunnen for at mannen vart pågripen om lag tre timar etter ranet, opplyste politiet på ein pressekonferanse i går.

Politiet i Sogn ber no folk som var i kommunesentret Gaupne i Luster i tidsrommet omkring klokka 14 måndag melde frå om observasjonar, sjøl om desse ikkje direkte peikar mot den sikta.

82-åringen vart kraftig forslått. Han hadde flaks som kom frå det brutale ranet utan endå alvorlegage skader ifølgje legane som har sjekka tilstanden og skadene på mannen.

Strafferamma er 12 år for grovt ran. Mannens alder og den brutale framferda mot han, for å tilrane seg pengane hans, er bakgrunnen for at Gaupne-ranet hamnar som kategori grovt.

Aktor la ned påstand om varetektfengsling i 14 dagar. Forsvarar Jan Tollefsen hevda i retten at det ikkje er grunnlag for varetektfengsling. Han grunnga dette med at det verken er fare for at bevis går tapt, eller at det er dokumentert godt nok av politiert at den sikta er den skuldige.